…så har vi vore på Mannen…

Mannen
Mannen

Hausten er høgsesong for fjellturar og denne helga gjekk turen til den mykje omtala Mannen i Romsdalen. Vi gjekk saman med Stranda Turlag og starta frå Strupen ikkje langt frå Trollstigen. Derifrå gjekk turen langs Alnesvatnet opp til Alnessteinen, ei stor steinblokk som ligger om lag midt i dalbotnen.

Utsikt mot Alnestinden
Utsikt mot Alnestinden

Deretter slakt innover Alnesdalen og så opp ura til toppen. Siste biten hadde vi selskap av eit helikopter som frakta utstyr opp til overvakingsstasjonen.

Nedanfor har eg lagt inn sporloggen frå GPS’en som alltid er med på tur.