…fram og tilbake igjen…(III)

Første innlegg i denne «serien» omhandla Abraham Ingebrigtsen som flytta til Bergen og gifta seg med ei kvinne som hadde aner i Tyskland. Andre innlegg omhandla Abraham, kona Anna Caroline Wilhelmine og far til Anna som heitte Carl Wilhelm Weis og kom frå Bremen-området i Tyskland. Dette siste innlegget handlar om han som slutta ringen og flytta tilbake til Vågsøy, nemlig Christian Isach Abrahamsen. Fortsett å lese «…fram og tilbake igjen…(III)»

…borte som dogg for sola…

Ein av dei personane eg syns det har vore mest spennande å forske på er oldefaren min, Rasmus Marius Jeremias Pedersen Andal. Han blei fødd i fattige kår i 1880 og kom flyttande sørover frå Andalsvågen i Vevelstad ein gong mellom 1900 og 1905. Korkje innflyttarregisteret til soknepresten i Sør-Vågsøy eller utflyttarregisteret til presten nordpå gjev svar, det einaste som er sikkert er at han gifta seg med oldemora mi, Alida Dorthea Thoresdotter Bøe i Måløy 1905 og budde resten av livet der.

Alida er også ein spennande person. Fødd i 1786 i på Skram i dagens Måløy med foreldrene Thore Eriksen Bøe frå Stryn og Kari Kristensdotter frå Davik-området. Alida og Rasmus fekk etter kvart ein stor familie med sju barn saman, men det er ikkje desse sju som gjer Alida spennande (bortsett frå at ein av dei er morfaren min). Det er det åttande barnet i familien. Ei jente Alida fekk ca tretten år før ho traff Rasmus. Fortsett å lese «…borte som dogg for sola…»

…frå Kleppenes til Blålid…

Når ein driver slektsgransking startar ein gjerne med det ein veit og så jobbar ein seg bakover i tid. Denne historia handlar om korleis eg jobba for å finne ut kvar farsslekta til mormora mi kom frå og jakta på kvar denne familiegreina stamma frå starta i Blålida ved Måløy.

Faren til mormora mi tok etternamnet Blålid og dette namnet kjem frå garden Blålid i dagens Vågsøy kommune. Dette er ikkje noko gamalt slektsnamn slik til dømes Grieg og Rieber, det er eit gardsnamn som blei slektsnamn i samband med namnelova som kom i 1923-talet. Namnelova slo fast at alle skulle ha eit slektsnamn og dette skulle gå i arv til neste generasjon. Fortsett å lese «…frå Kleppenes til Blålid…»

…nok eit hundreår tilbake i tid…

Det å finne namn i kyrkjebøker og dermed få indikasjonar på slektskap er relativt enkelt. Ein leitar fram kyrkjeboka frå det aktuelle prestegjeldet for den tidsperioden ein er interessert i, finner seg eit utgangspunkt og blar framover eller bakover i boka alt etter kva magefølelsen seier om alderen på eit menneske og så finner ein etter kvart noko som kan passe. Det som dessverre ikkje framgår av kyrkjeboka er om du har funne rett person. Er Rasmus Rasmusson fødd i 1770 den Rasmus Rasmusson du leitar etter? Nei, det framgår ikkje nødvendigvis av kyrkjeboka. Det kan du derimot finne ut av via skiftemateriale som også er tilgjengeleg via Digitalarkivet.

Nettopp gjennom skiftemateriale klarte eg med god hjelp av entusiastane på Digitalarkivet sitt nettforum å forlenge slektstreet mitt med om lag hundrede år. Fortsett å lese «…nok eit hundreår tilbake i tid…»