Slektsgransking

Dei siste par-tre åra har eg tilbrakt mang ein time på «gutterommet» djupt begravd i bygdebøker, gardssoger og Arkivverket sine scanna utgåver av kyrkjebøker, folketeljingar og skifte. Formålet har vore som mange andre sitt; å finne kvar forfedrene kom frå, kva dei dreiv med og (bortsett frå at dei fleste har vore daude lenge…) korleis det gjekk med dei.

Læringskurva har vore bratt. Der eg før trudde at slekta både i Bremanger og Måløy hadde vore relativt stedsbunden veit eg no at mange flytta på seg før familien min slo seg til ro i nemde Bremanger og Vågsøy. Turen heim til Ålesund frå Bremanger via Måløy, Bryggja, Nordfjordeid og Volda blir litt meir interessant når ein kan peike ut bilvindauget og seie at «Der budde Abraham Olsen Gilleshammer, han blei fødd kring 1688» og «i den grenda der har vi også aner».

Kart - slekta vår
Frå Trondenes til Königsberg (Kaliningrad) og Bremen

Kartet ovanfor viser nokre av dei byane, bygdene, grendene og gardane som dukkar opp når eg leitar etter mine born sine aner. Kort oppsummert kan ein seie at Anna og Elias sine aner befinner seg innanfor eit område avgrensa av Bremanger i nordvest, Harstad i nordaust, Königsberg i søraust og Bremen i sørvest. Eit litt større område enn eg såg for meg då eg starta…

Slektstreet på denne bloggen er under ombygging. Eg ynskjer å fjerne personar eg ikkje har kjeldemateriale på og har difor fjerna slektstreet inntil vidare.