…endeleg tilbake på to hjul…

Etter ei i overkant lang pause frå landeveisykkelen kom eg meg endeleg tilbake på to hjul i slutten av juli. Kombinasjonen av sommarkilo og julefett frå dei to siste årene dissa kring midjen og det var på høg tid å ta rev i segla. Sidan 25. juli har det blitt småpene 600 km på smale dekk og det merkast allereie godt på både vekt og humør.

I går blei det ein rolig kveldstur for å tråkke gruffet frå gårsdagens fjelltur ut av beina. Starta med følelsen av tomme bein men det gjekk seg svært så godt til i løpet av turen. Turen via yttersida av Hessa (på grus), ei rute eg ikkje har sykla tidlegare. Ikkje optimalt føre for racersykkel men det gjekk heilt fint (i roooolig tempo).
Fortsett å lese «…endeleg tilbake på to hjul…»