…frå Kleppenes til Blålid…(del II)

I fjor på desse tider skreiv eg om Ole Andreas Nilsson og familien hans som har røter i Gloppen i Nordfjord. I denne artikkelen følger foreldra hans frå første halvdel av 1800-talet og fram til dei har etablert seg i Blålida ved Måløy.

Første gong vi «møter » Niels er ved dåpen i 1825. Der er namn på foreldra hans oppgjeve saman med fadderar frå både Kleppenes og frå andre stader i prestegjeldet. Det er ikkje alltid like lett å finne ut kvar folk kjem frå sidan stadnamn har endra seg vesentleg dei siste par hundreåra. I tillegg er vi prisgitt kva presten trur staden heiter. I Niels sitt tilfelle skal vi til blant anna Hielmesætter (Hjelmeset), Giengedal (Gjengedal), Honvigen (muligens Hundvika i dagens Eid kommune) Rangklev (Rongkleiv i Gjengedalen) og Kleppeneset.

Fortsett å lese «…frå Kleppenes til Blålid…(del II)»

…på jakt etter fattigfolk…

Mange som driver slektsforsking har ein hemmeleg draum om å finne ein adeleg eller ein skikkeleg stormann mellom anene sine. Eg er nok ikkje noko unntak, men akkurat som dei fleste andre slektsforskarar sitter eg stort sett og leitar blant fattigfolk. Skikkeleg fattige, mange av dei. Akkurat no er det ein av tippoldefedrene mine og familien hans som er under lupa og det er uproblematisk å fastslå at dette nok er blant dei nederste i samfunnet. Fortsett å lese «…på jakt etter fattigfolk…»

…ein kan finne så ymse…

Ein som graver i gamle kyrkjebøker for å finne anene sine kjem ein bort i så mangt. Det ein trudde var søsken viser seg å vere halvsøsken og det ein trudde var foreldre viser seg å vere fosterforeldre/pleieforeldre. Noko toler dagslys, anna har vore «hysja ned». Så også i vår slekt. Vi har også vår andel av dei såkalla «uægte» borna, altså born fødde utanfor ekteskap.

Ei og anna spennande historie dukkar det også opp, slik som med ein av tipp-tipp-oldefedrene mine, Johan Christian Christensen frå Bunesfjord i Lofoten.  Fortsett å lese «…ein kan finne så ymse…»

…på jakt etter rett Inger (eller: kunsten å bevise eit slektskap)…

Eg finner med jamne mellomrom slektningar (eller kanskje rettare sagt aner) som eg ikkje heilt forstår kvar dei kom frå. Nokre av desse har eg skrive om i artikkelen om ekteparet Joen og Anne som kom flyttande frå Eid i 1804. Andre gongar finner eg personar frå Bremanger som har gifta seg med «fjordingar» og så buset dei seg i Bremanger. Ein kan ofte finne dåpsinførslar i kyrkjebøkene som passar bra med det ein leitar etter, men kan ein eigentleg vere 100% sikker på at ein har funne rett person når ein kun har kyrkjeboka til hjelp? Fortsett å lese «…på jakt etter rett Inger (eller: kunsten å bevise eit slektskap)…»

…fram og tilbake igjen…(III)

Første innlegg i denne «serien» omhandla Abraham Ingebrigtsen som flytta til Bergen og gifta seg med ei kvinne som hadde aner i Tyskland. Andre innlegg omhandla Abraham, kona Anna Caroline Wilhelmine og far til Anna som heitte Carl Wilhelm Weis og kom frå Bremen-området i Tyskland. Dette siste innlegget handlar om han som slutta ringen og flytta tilbake til Vågsøy, nemlig Christian Isach Abrahamsen. Fortsett å lese «…fram og tilbake igjen…(III)»

…fram og tilbake igjen…

«Fram og tilbake igjen» var etter det eg hugsar tittelen på boka til hobbiten Bilbo Baggins i Tolkien sin «Ringenes Herre». Av og til kan ein slektsforskar finne forfedre som forlater heimstaden for å finne betre «beite» til dømes i Ålesund eller Bergen og så vender ein etterkomar tilbake til «heimstaden» nokre tiår eller eit hundreår seinare.

Abraham Ingebrigtsen blei fødd på Kråkenes i dagens Vågsøy ein gong i siste halvdel av 1700-talet. Eg leita lenge etter nøyaktig dato og nøya meg ei tid med noko som heiter «Undersøkelseskommisjonens rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805». Der var fødselsår anslått til 1770 og han hadde oppgjeve å vere «Bordarbeidsmand» og at han «skal være af Soelægd»Fortsett å lese «…fram og tilbake igjen…»

…borte som dogg for sola…

Ein av dei personane eg syns det har vore mest spennande å forske på er oldefaren min, Rasmus Marius Jeremias Pedersen Andal. Han blei fødd i fattige kår i 1880 og kom flyttande sørover frå Andalsvågen i Vevelstad ein gong mellom 1900 og 1905. Korkje innflyttarregisteret til soknepresten i Sør-Vågsøy eller utflyttarregisteret til presten nordpå gjev svar, det einaste som er sikkert er at han gifta seg med oldemora mi, Alida Dorthea Thoresdotter Bøe i Måløy 1905 og budde resten av livet der.

Alida er også ein spennande person. Fødd i 1786 i på Skram i dagens Måløy med foreldrene Thore Eriksen Bøe frå Stryn og Kari Kristensdotter frå Davik-området. Alida og Rasmus fekk etter kvart ein stor familie med sju barn saman, men det er ikkje desse sju som gjer Alida spennande (bortsett frå at ein av dei er morfaren min). Det er det åttande barnet i familien. Ei jente Alida fekk ca tretten år før ho traff Rasmus. Fortsett å lese «…borte som dogg for sola…»

…når spora tørkar ut…

Bygdebøkene er ei verdifull kjelde til informasjon for den som driver slektsforsking. Forfattarane har gjort eit solid arbeid i å dokumentere gards- og bygdesogene rundt om kring i landet. Slik er det også for Bremanger der farsslekta mi kjem frå. Der er ein faktisk så heldige at ein har to bygdebøker. Ei skriven av Albert Joleik (1969) som tar for seg tida fram til 1801 og ei skriven av Åstein Svihus (2006) som tar for seg heile det som er Bremanger kommune i dag. Denne siste er i fire band.

Trass i at tallause timar med kjeldegransking ligger bak kvar av bøkene er ikkje bygdebøkene frie for feil, og av og til ser ein at forfattaren har følgt eit spor så langt tida tillet og deretter har han sagt «nok er nok». Då er vel alt håp ute for oss andre også? Eller? Fortsett å lese «…når spora tørkar ut…»