…nok eit hundreår tilbake i tid…

Det å finne namn i kyrkjebøker og dermed få indikasjonar på slektskap er relativt enkelt. Ein leitar fram kyrkjeboka frå det aktuelle prestegjeldet for den tidsperioden ein er interessert i, finner seg eit utgangspunkt og blar framover eller bakover i boka alt etter kva magefølelsen seier om alderen på eit menneske og så finner ein etter kvart noko som kan passe. Det som dessverre ikkje framgår av kyrkjeboka er om du har funne rett person. Er Rasmus Rasmusson fødd i 1770 den Rasmus Rasmusson du leitar etter? Nei, det framgår ikkje nødvendigvis av kyrkjeboka. Det kan du derimot finne ut av via skiftemateriale som også er tilgjengeleg via Digitalarkivet.

Nettopp gjennom skiftemateriale klarte eg med god hjelp av entusiastane på Digitalarkivet sitt nettforum å forlenge slektstreet mitt med om lag hundrede år. Fortsett å lese «…nok eit hundreår tilbake i tid…»

…hit eit steg og dit eit steg…

Då eg starta på dette «prosjektet» antok eg at slekta hadde vore relativt stedsbunden. Det vil seie, eg visste at den eine oldefaren min kom frå Vevelstad-området men eg antok at resten av slekta ville vere konsentrert i Bremanger og Vågsøy med ein aldri så liten avstikkar i alle fall inn til Lefdalsnes i Nordfjord der eg visste at den eine oldemora mi blei fødd. Etter utallige timar framfor datamaskina må eg slå fast at familien min stammar frå Bremanger og Vågsøy som eg trudde. Samt store delar av Nordfjord med innslag frå Bergen, Bremen og Königsberg (i dag Kaliningrad). Så feil kan ein altså ta. Fortsett å lese «…hit eit steg og dit eit steg…»

…dei gode hjelparane…

Kirkebøker: SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 4, 1806-1815, s. 87

Slektsgransking kan til tider vere ganske ein ganske så einsam øvelse. Timevis med gransking av skrift i gamle kjelder, så som kyrkjebøker, skifteregister og skiftemateriale. Mykje av det sirleg nedteikna med gotisk handskrift. Av og til greier ein å tyde ganske mykje sjølv, andre gongar nøyer ein seg med å finne namn og gjerne fødselsdatoar i kyrkjebøker eller namn på attlevande ektefeller og namn og alder på barn i eit skifte før ein gjev opp. Fortsett å lese «…dei gode hjelparane…»

…vi prøvar igjen…

Eg har gjort mange forsøk på å vedlikehalde ei nokonlunde levande heimeside. Altså: Eit nytt forsøk. Denne gongen (som før) kjem det til å handle om ting eg interesserer meg for. Musikk, foto, tur på fjell og vidde, ski og slektsgransking er nok aktuelle emne.