…på jakt etter fattigfolk…

Mange som driver slektsforsking har ein hemmeleg draum om å finne ein adeleg eller ein skikkeleg stormann mellom anene sine. Eg er nok ikkje noko unntak, men akkurat som dei fleste andre slektsforskarar sitter eg stort sett og leitar blant fattigfolk. Skikkeleg fattige, mange av dei. Akkurat no er det ein av tippoldefedrene mine og familien hans som er under lupa og det er uproblematisk å fastslå at dette nok er blant dei nederste i samfunnet.

Det starta eigentleg med «jakta» etter tippoldefaren min, Peter Oluf Johansen og hans opphav. Eg visste lite om han utover at han var far til ein av oldefedrene mine, Rasmus Marius Jeremias Petersen Andal (han skal eg skrive litt om ein annan gong, for der har eg ei litt artig historie som involverer både mine og Aase sine forfedre). Foreldra til Peter Oluf var Johan Christian Olsen og Maren Anna Larsdotter. Maren Anna brukte også gardsnamnet Wold/Vold i enkelte samanhengar.

Peter Oluf blir fødd 10. februar 1856 (tilfeldigvis på «min» bursdag!), vi kan lese innførsla i Ministerialbok nr. 771A02, 1840-1869 der det framgår at foreldra er «Inderst i Jøsund Johan Christen Olsen og Maren Ane Larsdatter». Inderst betyr oftast husmann utan jord. Dette var altså arbeidsfolk.

Peter Oluf 10.02.1856 (Kjelde: Digitalarkivet)

Deretter kjem borna på løpande band med eit par års mellomrom og ved folketeljinga i 1865 teller familien to vaksne og fem born. Familien veks etter kvart til to vaksne og ti barn. Så langt eg har klart å kartlegge er alle borna deira fødde i Nord-Trøndelag, men av ein eller annan grunn har dei ved folketeljinga i 1891 bustad på Trælnes ved Brønnøysund.

Eg skal skrive meir om etterkomarane til Johan Christian og Maren Anna seinare, denne gongen er det opphavet til Johan Christian som er temaet. Han stammar nemlig frå Fåberg i Oppland. Faren heitte Ole Olsen og kom frå Hattestad litt nord for Vingrom på vestsida av Mjøsa. Mora kom frå garden Høstmælinga/Haustmælingen ved Lillehammer.

Ole vaks opp som yngste son av Ole Olsen Hattestad og Guri Jonsdotter frå Boro. Som yngste son i familien var der nok ikkje særleg håp om noko anna enn eit husmannsliv om han blei værande i Mjøs-regionen. Difor valde han nok som svært mange andre frå Fåberg å flytte nordover når han blei vaksen. Eit foruminnlegg på Digitalarkivet seier det slik:

I Oppland og Hedemark var det utrolig mange som flyttet nordafjels på 1800-tallet, og grunnen var både uår og dårlig med arbeid. Folk emigrerte til Amerika, men det var nok ikke alle som turte eller hadde råd til ei slik reise, så nordover var det lettere å komme. Skogsindustrien i Trøndelag, fiskeriene i Nordland, Troms og Finnmark trengte arbeidskraft, og det var mer ledig jord nordafjells enn det var på Østlandet. De første jeg har registret som reiste til nord Trøndelag var en som beviselig reiste til Trøndelag ca. 1783, og om vi ser på Ft. 1801 så var det utrolig mange som beviselig hadde reist nordover på siste halvdel av 1790-tallet.

Fåberg og Lillehammer Historielag har publisert eit manuskript som folkehøgskulelærar Aksel Hattestad fra Vingrom skreiv i 1962-1963. Eg vil tru at planen var at dette skulle bli ei bygdebok for området. Der har eg funne att nokre av dei fjerne slektningane mine som «utvandra» frå Oppland til Trøndelag i første halvdel av 1800-talet.

Ole blei fødd i 1789 av foreldra Ole Olsen og Guri Jonsdotter. Dei kom begge frå gardar på vestsida av Mjøsa og budde som nevnt på garden Hattestad litt nord for Vingrom. Hattestad er nemnt allereie i erkebiskop Aslak Bolt si jordebok frå 1450. Ole hadde to søsken, broren Jon som tok over garden i 1798 og søstera Kirsti som var gift på ein annan gard i området.

Ole Olsen blir døypt i 1789 (Kjelde: Digitalarkivet)

Ved folketeljinga i 1801 er det velstand på Hattestad. Eldstesonen i familien, Jon, er husbonde og foreldra Ole og Guri er kårfolk på garden og bur der saman med yngstemann Ole. Velstanden tar av ulike årsaker slutt, dette kan lesast ut av soga om Hattestad som Aslak Hattestad skreiv i 1962/63.

Når Ole giftar seg med si Gjertrud i 1822 er faren allereie død og broren Jon ser ut til å ha botnlaus gjeld. Året etter blir sonen Amund fødd og døypt på Fåberg. Kva som skjer med Ole og Gjertrud i tida 1822 til 1826 er ikkje godt å seie, men i 1826 døyper dei dottera Guru (Guri?) Anne i Lade sokn i Strinda prestegjeld. I følgje kyrkjeboka er dei busette i Osen ved nordenden av Jonsvatnet aust for Trondheim.

Neste gong vi finner spor etter denne familien er i 1828. Då blir sonen Johan Christian fødd og dei døyper han i Bratsberg sogn i Strinda prestegjeld sør-aust for Trondheim by. Denne gongen oppgjev dei å vere busett i Leeren som eg antar må vere grenda Leira i dagens Trondheim. Dei blir imidlertid ikkje verande lenge i Trondheim, og det oppdaga eg så seint som medan eg skreiv denne artikkelen. Eg leita lenge etter spor etter familien og hadde ei god stund eit «hol» mellom 1828 og 1865. Så plutseleg fann eg ytterlegare tre born med Ole og Gjertrud som foreldre.

I 1832 døyper dei dottera Karen i Fosnes prestegjeld og oppgjev «Fosvik» som bustad. Dette er truleg det som i dag heiter Fossvik. Karen døyr berre 14 dagar gamal og i 1835 får dei nok ei dotter. Christine blir fødd på husmannsplassen Ytterhagen og ved dåpen er det ført inn bustad «Ytterhagen – Jøssund».

Innflyttinga blei registrert i november 1832 (Kjelde: Digitalarkivet)

Ved dåpen til sonen John i 1839 er det ført inn Jøssund som bustad, og ved folketeljinga i 1865 er det samme husmannsplass som ved dåpen til Christine som er bustaden deira. John er gift med Beret Jonsdotter frå «Sundals prestegjeld» og saman har dei sonen Jørgen. Ole og Gjertrud har no blitt 76 og 68 år gamle men det er framleis Ole som er husbonden i familien. I folketeljinga har dei begge oppgitt å vere 78 år gamle men det stemmer ikkje med det eg har vist til tidlegare. Det er for øvrig ikkje rare bruket dei har. Dei haustar noko havre og litt poteter og har 2 kyr, 4 sauer og 5 geiter.

Folketeljinga i 1865 (Kjelde: Digitalarkivet)

Ole døyr berre to månader etter at folketeljaren har vore på besøk, og her har vi ein aldri så liten kuriositet. Han døyr 10. februar – min fødselsdag og vert gravlagt 6. mai – broren min sin fødselsdag…

Gjertrud lever enno nokre år, eg håpar og trur ho budde saman med sonen John og hans familie men mest truleg er det ikkje slik. Ho døyr 13. mars 1872 og i kyrkjeboka er det oppført «Lægdskone Gjertrud Amundsdr Hakkestad» med bustad Hornnes og det betyr nok at ho budde på legd og blei forsørga av den tids fattigomsorg. At dei ikkje fekk fødestaden rett er ikkje uvanleg, og i den offisielle avskrifta til Digitalarkivet er det brukt omgrepet «lægdslem» – og det trur eg er feil. Eg er overbevist om at det står «lægdskone».

Gravferda til Gjertrud (Kjelde: Digitalarkivet)

Mykje tyder altså på at det som var ei «utvandring» med håp om eit betre liv i Trøndelag ikkje blei akkurat som dei hadde håpa. Eg har ein artikkel om sonen Johan Christian og hans familie «på beddingen», den kjem nok i løpet av ei lita veke vil eg tru. Mykje tyder på at fattigdomen fulgte med vidare til både barn og barnebarn.