…nok eit hundreår tilbake i tid…

Det å finne namn i kyrkjebøker og dermed få indikasjonar på slektskap er relativt enkelt. Ein leitar fram kyrkjeboka frå det aktuelle prestegjeldet for den tidsperioden ein er interessert i, finner seg eit utgangspunkt og blar framover eller bakover i boka alt etter kva magefølelsen seier om alderen på eit menneske og så finner ein etter kvart noko som kan passe. Det som dessverre ikkje framgår av kyrkjeboka er om du har funne rett person. Er Rasmus Rasmusson fødd i 1770 den Rasmus Rasmusson du leitar etter? Nei, det framgår ikkje nødvendigvis av kyrkjeboka. Det kan du derimot finne ut av via skiftemateriale som også er tilgjengeleg via Digitalarkivet.

Nettopp gjennom skiftemateriale klarte eg med god hjelp av entusiastane på Digitalarkivet sitt nettforum å forlenge slektstreet mitt med om lag hundrede år.

På jakt etter Harald frå Berge i Stryn

Teksten ovanfor er gjerne ikkje så lett å lese. Gotisk handskrift er ikkje nødvendigvis det. Ikkje alle skreiv like vakkert som har skrive dette. Dessverre…

I arbeidet med å kartlegge slekta til mormora mi havna eg etter kvart i Hornindal. Litt artig eigentleg, for Hornindal har for meg stort sett vore ei bygd ein køyrer forbi. Eg har rett nok syntes at gardsnamnet Tomasgård låt litt spennande, men bortsett frå det? Frode Grodås? Uansett, spora peika i alle fall til Hornindal.

Eg hadde gjeve meg i kast med den eine tippoldemora mi, Martine Simeane Knudsdotter fødd på Lefdalsnes i Nordfjord i 1853 og holdt på med farsslekta hennar då eg kom over gardsnamnet Rødemel (Roddemel, Røddemel, variantane ville ingen ende ta). Problemet var berre at eg sleit med å finne garden på kartet.

Nok ein gong er det gamle bygdebøker som blir redninga. I bygdeboka «Eid og Hornindal» (Edvard Os, 1953) kan ein på side 490 lese at Rødemel/Raudemel no for tida blir kalla Tomasgård. Han eg arbeidde med å dokumentere bar namnet Aamund Haraldson Rødemel, i enkelte kjelder berre Aamund Rødemel og i andre kjelder Aamund Haraldson Roddemeel. Variantane ville som sagt ingen ende ta.

Giftarmålet til Aamund og Synnøve
Aamund og Synnøve giftar seg

Øverst i biletet kan vi lese følgjande:

11de Junii copuleret av Horningdal…»

og deretter kjem det noko om eit brudepar som i denne samanhengen er uinteressante. Det som er av interesse for meg kjem i avsnittet under. Der står det følgjande:

Same dag copuleret Aamund Haraldss. Berge med Synneve Knudsd. Rødemel.

OK! Så Synnøve frå Rødemel giftar seg med Aamund frå Berge. Kvar i alle dagar kan fins garden Berge? Første spor kjem når eg finner dåpen til sonen Harald i 1757. Han blir i følgje kyrkjeboka døypt i Stryn (om han blei heimedøypt slik mange blei på den tida framgår ikkje). Ved posten som fortel om dåpsdato er det lagt til ein kommentar:

Døbt i Stryen af Hr. Medahl

Familien har altså band til Stryn, det kan vi nok slå fast allereie no. Men korleis?

Når kjeldene manglar

Aamund døydde i 1787 og i kyrkjeboka står det at han var 69 år gamal. På 1700 og 1800-talet bomma dei gjerne med nokre år på alderen sin, dei var gjerne ikkje like opptekne av fødselsdagar som vi er no til dags. Uansett, med ein alder på 69 år i 1787 burde han vere fødd kring 1718. Då melder det seg umiddelbart eit problem. Den eldste publiserte kyrkjeboka for Innvik prestegjeld som Stryn sorterte under startar med året 1750. Dermed kunne eg slå frå meg å finne dåpen hans dokumentert nokon plass med ein gong. Kva så med folketeljingar og manntal, kunne det finnast spor der?

Ein mogeleg kandidat til Aamund sin far: Harald Arneson på Berie (Berge) i Oppstryn

I manntalet for 1701 kan ein på side 248 i protokollen for Sundfjord fogderi, Nordfjord fogderi og Svanø Birk lese at det på garden Berge i Oppstryn budde ein 32 år gamal mann ved namn Harald Arneson. Han hadde (foreløpig) ingen søner. Kvinner blei ikkje talt i denne folketeljinga (muligens hvis dei var oppsitjarar men elles ikkje). At det bur ein kar på Berge som heiter Harald er ein indikasjon på at det kan vere rett mann på rett plass men akk ikkje noko bevis.

…dei gode hjelparane atter ein gong…

Nok ein gong er det debattforumet til Digitalarkivet som blir redninga og før eg veit ordet av det har eg fått eit par svært gode tips.

Harald på Berge døydde i 1739 og i ein skifteprotokoll kan ein lese at den yngste sonen hans heiter Aamund og er 19 år gamal. Altså fødd kring 1720. Nok ein indikasjon men enno ikkje bevist. Teksten i skifteprotokollen nemner også ein eldre son ved namn Arne, truleg eldst sidan han er oppkalla etter farfaren sin.

Det endelege beviset på koblinga mellom Aamund på Rødemel og Berge i Stryn kjem i eit barnlaust skifte på Berge i 1796. Torger Haraldson døyr utan kone og born og skiftet listar difor opp søskena hans og deira etterkomarar som arvingar:

  • Arne Haraldsen Berge; hans etterlatte 4 born (3 søner og ei dotter)
  • Jens Haraldsen Skaare; hans etterlatte 4 born (3 søner og ei dotter)
  • Lars Haraldsen Berstad; hans etterlatte 2 døtre
  • Aamund Haraldsen Rødemel; hans etterlatte 8 born (5 søner og 3 døtre)
  • Anne Haraldsdtr. Auflem; hennar etterlatte 4 døtre.

Bingo! Der var beviset på at Aamund Haraldson på Rødemel i Hornindal var son til Harald Arnesen på Berge i Stryn. Via bygdebøker kan slekta til Harald på Berge førast heilt tilbake til kring 1620 då farfaren hans Torgilds Olsson var brukar på garden. Torgild vil eg tru var fødd i løpet av dei siste par tiåra av 1500-talet.