…når spora tørkar ut…

Bygdebøkene er ei verdifull kjelde til informasjon for den som driver slektsforsking. Forfattarane har gjort eit solid arbeid i å dokumentere gards- og bygdesogene rundt om kring i landet. Slik er det også for Bremanger der farsslekta mi kjem frå. Der er ein faktisk så heldige at ein har to bygdebøker. Ei skriven av Albert Joleik (1969) som tar for seg tida fram til 1801 og ei skriven av Åstein Svihus (2006) som tar for seg heile det som er Bremanger kommune i dag. Denne siste er i fire band.

Trass i at tallause timar med kjeldegransking ligger bak kvar av bøkene er ikkje bygdebøkene frie for feil, og av og til ser ein at forfattaren har følgt eit spor så langt tida tillet og deretter har han sagt «nok er nok». Då er vel alt håp ute for oss andre også? Eller?

På side 490 i Bremanger Bygdebok Band I: Gards og ættesoge for Gnr 1-22 kan ein lese om garden Svarstad (gnr 17/3) og brukaren Joen Joensen og kona hans Anne Halvorsdotter. Desse var tippoldeforeldre til farmora mi, Anna Josefine Senneset (f. Varpe). Bygdeboka seier ingenting om kvar dei kom frå, kun at borna deira er fødde i Bremanger og at Joen døydde i 1822. Det er ikkje tidlegare spor etter dei å finne, i alle fall ved første augekast, enn ved dåpen til det eldste barnet deira. Han heiter Johannes og blei fødd på Svarstad i 1804. Johannes blei døypt i Bremanger 30. september same året. Bygdeboka fortel også at dette ekteparet brukte garden fram til 1833. Dette kan vere eit nyttig hint til seinare…

Etter Johannes kjem borna på rad og rekkje, foreløpig har eg funne fire jenter i tillegg til Johannes. Kvar forfattaren har funne ut at Joen og Anne var brukarar på Svarstad veit eg ikkje, men eg vil tru at det kan finnast i ei pantebok eller liknande.

Dei er uansett ikkje å finne i folketeljinga for Bremanger 1801 og gifta seg heller ikkje i Bremanger.

Folketeljinga for 1801 er spennande. Den er den første nominative folketeljinga i Noreg. Ein talte altså alle nordmenn, stort og smått, og alle er førte opp med fullt namn. Fram til 1801 hadde det berre blitt gjennomført manntal, ein talte altså menn og sønene deira (ned til 12 år gamle).

Folketeljinga i 1801 (Kjelde: Digitalarkivet)

Det kan vere utfordrande å lese handskrift frå 1800-talet og folketeljinga i 1801 representerer på ingen måte noko unntak frå regelen. Heldigvis fins det eit godt alternativ til å bla i primærkjelda. Digitalarkivet er ei gullgruve for slektsforskarar og her finner vi den digitaliserte utgåva av 1801-teljinga.

Men kvar skal ein leite etter Joen og Anne? Det mest nærliggjande er å leite andre plassar i Kinn prestegjeld som Bremanger tilhøyrde fram til midten av 1800-talet. Før ein kastar seg over folketeljingane kan det vere greitt å ha ein ide om når personen ein leitar etter blei fødd. I dette tilfellet  er alderen til Joen då han døyr 26.12.1822 eit greitt utgangspunkt. I kyrkjeboka står det at han var 53 år gamal då han døydde.

Søk i folketeljinga for Kinn gav null resultat, og det var like magert med treff både i Davik, Selje og Gloppen. Innover i Sunnfjord såg eg meg ikkje syn med å leite men på Eid fann eg noko som såg lovande ut. I 1801 er det John Daniel Stub som er sorenskrivar i Nordfjord. På garden hans, Løkken, har dei ein 30 år gamal tenestedreng ved namn John Johnsen og på nabobruket arbeider det forsyne meg ei tenestejente som heiter Anne Halvorsdotter. 30 år i 1801 passar rimeleg godt med 53-åringen som døydde i 1822…

Det er forresten friske namn på sorenskrivaren og familien hans! Dei heiter Johan Danieliah Stub (sorenskrivaren), Mette Dortia f Hejberg (kona hans) og borna Jens Worm Nagel Stub, Mette Catharine Stub og Laurentze Heleneein Stub.

Tilbake til John og Anne, dette er to svært så gode kandidatar til å vere Joen og Anne som bur i Bremanger i 1804. Det viser seg også at desse to gifta seg i 1803.

Joen og Anne giftar seg på Eid 27. desember 1803

Her kan vi lese følgjande:

27de Decembr. U.K. John Johnsen Alsager og P. Anne Havorsdr Kiørstad.

U.K betyr ungkarl og P. står for pige. Dei hadde med andre ord ikkje vore gifte tidlegare.

Både Alsaker og Tjørstad (skrivemåte på moderne kart) er gardar i dagens Eid kommune og eg har ikkje funne andre aktuelle brudepar på samme tid. Eg har heller ikkje vore i stand til å dokumentere at desse to døydde på Eid, noko som tyder på at det er nettopp dette paret som flyttar til Bremanger i 1804 ein gong. Ein ny titt på dåpen til Johannes i 1804 gir enda eit hint om at dette er riktig par. Blant fadderane finner vi nemlig Halvor Johanson Kiørstad og han viser seg å vere ingen ringare enn faren til Anne.

Kva skjedde så dei første åra av 1800-talet som gjorde at desse to flytta frå Eid til Bremanger? Dette blir sjølvsagt berre spekulasjonar, men i 1803 døyr Johan Daniel Stub som var sorenskrivar og arbeidsgjevaren til Joen og Anne. Kanskje var det dårlege utsikter til nytt arbeid, kanskje var det dårlege tider generelt. For Joen sin del kan ein av årsakene til at han ikkje slår seg ned på farsgarden vere at faren, Jon Steffenson og onkelen hans solgte odelsgarden og tok byksel der i staden for. Denne bygselen tar ei eldre søster av Joen og mannen hennar over i 1785. Då held foreldra skifte og dette skiftet nemner 10 born, 3 gutar og 7 jenter. Ein solid familie med andre ord.

Utsnitt frå skiftet i 1785 (Kjelde: Digitalarkivet)

Der var altså ingen gard å ta over for Joen. Uansett får dei på eitt eller anna vis greie på at det på ein av Hospitalgardane i Bremanger, Svarstad, er eit ledig bruk. Dei flyttar dit ein gong mellom bryllaupet sitt og fødselen til sonen Johannes og blir buande der i alle fall til Joen døyr i 1822. Eg har enno ikkje klart å finne dokumentasjon på gravferda til Anne, men i følge Åstein Svihus (Bremanger Bygdebok Band 1) er familien brukarar på garden heilt til 1833.

Desse to er altså tippoldeforeldre til farmor Anna Josefine Senneset. Nedanfor har eg lagt inn ein oversikt over dette slektskapet.

Slektskapet mellom Joen/Anne og Anna Josefine Senneset

Joen og Anne er ikkje dei einaste fjordingane som havnar i Bremanger, men det får vi komme tilbake til etter kvart.