…hit eit steg og dit eit steg…

Då eg starta på dette «prosjektet» antok eg at slekta hadde vore relativt stedsbunden. Det vil seie, eg visste at den eine oldefaren min kom frå Vevelstad-området men eg antok at resten av slekta ville vere konsentrert i Bremanger og Vågsøy med ein aldri så liten avstikkar i alle fall inn til Lefdalsnes i Nordfjord der eg visste at den eine oldemora mi blei fødd. Etter utallige timar framfor datamaskina må eg slå fast at familien min stammar frå Bremanger og Vågsøy som eg trudde. Samt store delar av Nordfjord med innslag frå Bergen, Bremen og Königsberg (i dag Kaliningrad). Så feil kan ein altså ta.

Noko av det første eg gjorde var å kartlegge besteforeldra mine i Bremanger og på Raudeberg. Olaf og Anna, farmor og farfar, var begge fødde på begynnelsen av 1900-talet, nærare bestemt i 1909 og 1911. Olaf vaks opp på garden Senneset og Anna vaks opp på garden Varpe. Dei to andre besteforeldra mine, Oddny og Thore Arnold var frå Vågsøy. Thore fødd i 1920 og Oddny i 1924. På farssida stamma Thore frå Nordland og på morssida frå Stryn. Oddny trudde eg derimot utelukkande hadde aner i ytre Nordfjord. Her skulle det vise seg å vere mykje spennande.

Denne artikkelen handlar om den første store oppdaginga eg gjorde, nemlig at tre av besteforeldra mine hadde samme opphav.

Anna og Olaf var tremenningar, dei hadde altså besteforeldre som var søsken og dermed ein felles oldefar. Denne oldefaren var Ulrik Rasmusson fødd på Klungreset i 1805. Foreldra til Ulrik var Rasmus Ulriksen frå Davik og Lisbeth (Elisabeth) Olsdotter frå Kjølsdalen. Rasmus er nemnd som brukar på bruk nr 3 på Klungreset frå kring 1803. Dei forlova seg 27. mai 1804 og gifta seg i Davik kyrkje 1. juli same året. Det er ikkje urimeleg å tru at Rasmus budde i Bremanger aleine det første året han var brukar på garden.

Rasmus og Lisbeth fekk minst to barn, Ulrik i 1805 og Ole i 1807, truleg fekk dei nok fleire men kyrkjeboka for Kinn Prestegjeld i denne perioden er heller vanskeleg å lese. Det får vi heller komme tilbake til eventuelle sysken ein annan gong.

Den interessante personen i denne artikkelen er Lisbeth. I samtidige kjelder (kyrkjebøker, folketeljingar etc) er ho omtalt som både Elisabeth og Lisbeth. Garden ho kom frå er omtalt som både «Gilleshammer» og «Gilhammer», i dagens kart er namnet Gjellhammaren brukt. Uansett, garden ligg oppe på ein hammar nederst i Kjølsdalen i Nordfjord.

Utsnitt frå norgeskart.no: Gjellhammaren

Farfaren til Lisbet, Abraham Olsen, var brukar på denne garden i alle fall frå 1720-talet og etter Abraham tok sonen Ole Abrahamson over. Ole var faren til Lisbeth. Han og kona Christi Simensdotter frå Færestrand i Vågsøy fekk heile 12 born og av desse var Lisbet eldst. Lisbet og ektemannen Rasmus er altså forfedre til mine besteforeldre og mange andre i Bremanger.

Lisbet sin far Ole hadde 7 søsken og ei av søstrene, Ingeborg (Inger i enkelte kjelder) vendte nasen vestover til Sæterneset i det som i dag heiter Måløy. På den tida var det ikkje noko som heitte Måløy, det namnet er vesentleg nyare.

Utsnitt frå norgeskart.no: Seterneset/Seteneset i Måløy

Ingeborg blei fødd i 1736, i kyrkjeboka har presten skrive Inger, og gifta seg med Samson Anderson frå Ålfoten i 1752. Samson var fødd på garden Førde i Ålfoten i 1736. I følge «Nordfjord fraa gamle dagar til no. [Del] 2 5 : Dei einskilde bygder Selje, Sør- og Nord-Vågsøy» av Jacob Aaland var Samson og Ingeborg brukarar på garden så tidleg som i 1768. Mormora mi Oddny, busett på Raudeberg stammar etter desse to.

Så, tre av fire besteforeldre har samme forfedre i Abraham Olsen og Guri Paulsdotter, gardbrukarar i Kjølsdalen tidleg på 1700-talet.

Spor etter Abraham Olsen