…fram og tilbake igjen…

«Fram og tilbake igjen» var etter det eg hugsar tittelen på boka til hobbiten Bilbo Baggins i Tolkien sin «Ringenes Herre». Av og til kan ein slektsforskar finne forfedre som forlater heimstaden for å finne betre «beite» til dømes i Ålesund eller Bergen og så vender ein etterkomar tilbake til «heimstaden» nokre tiår eller eit hundreår seinare.

Abraham Ingebrigtsen blei fødd på Kråkenes i dagens Vågsøy ein gong i siste halvdel av 1700-talet. Eg leita lenge etter nøyaktig dato og nøya meg ei tid med noko som heiter «Undersøkelseskommisjonens rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805». Der var fødselsår anslått til 1770 og han hadde oppgjeve å vere «Bordarbeidsmand» og at han «skal være af Soelægd»

Etter kvart fann eg ut at Abraham sine foreldre måtte vere Ingebrigt Paulsen og Ingebor(g) Abrahamsdotter og «jakta» på korrekt fødselsår og dåpsdato kunne begynne. Abraham var ikkje eldst i flokken og han hadde nok eldre brødre. Det kunne namnet hans tyde på sidan han tydeligvis var oppkalla etter morfaren sin. Foreldra gifta seg i 1754 og dermed hadde eg eit godt utgangspunkt for vidare søken etter Abraham sin fødsel. Første kandidaten eg fann var denne:

Abraham Ingebrigtsen blir døypt i 1767 (Kjelde: Digitalarkivet)

I biletet over kan vi lese

27de January døbt Ingebrigt og Ingebor Krogenæs es Sønn kaldt Abraham fad: Anders Ols. Ole Abels. Simon Povels. Christi Josefsd. Brite Olsdatter

Dessverre finner vi ein Abraham som døyr berre 8 dagar gamal nesten på toppen av lista over gravlagde for året 1767 og mykje tyder på at det er «min» Abraham som døyr. Ein kjapp svingom innom dei konfirmerte i soknet for åra 1782 og utover avslører heldigvis litt meir om Abraham. 25. oktober 1789 blir 17 år gamle Abraham Ingebrigtsen Krogenæs konfirmert i Vågsøy sokn. Det betyr nok at fødselsåret anslått i sjømannsrullane for Bergen 15 år seinare er relativt korrekt og ei ny runde med blaing i avfotograferte kyrkjebøker kan begynne. Og der, på den andre sida for året 1771 dukkar han opp.

Abraham dy sin dåp i mars 1771 (Kjelde: Digitalarkivet)

For å finne ut kva dato han blei døypt måtte eg slå opp ordet «hujus». Dette skal nok eigentleg vere «huius» og betyr «dette». Andre dåpen på sida blir då slik:

23 hujus Døbt Peder…

Altså «23. dette» i betydninga 23. mars (dåpen over er 21. mars).

Tredje dåpen blir då:

Samme dag Døbt Abraham, Parent Ingebricht Paulsen og Ingeborg Abrahamsd: Krogenes. Fest. Rasmus Iversen Krogenæs, Ole Abelsen ibid: Ole Olsen ibid: Helene Gabrielsd: ibid og Marthe Jacobsd: ibid:

«ibid» er forkortelse for ibidem og betyr «samme plass». Altså var samtlege fadderar frå Kråkenes.

Ingebrigt med farsnamnet Paulsen var etter alt å dømme frå Silda (iflg Jacob Aaland i Nordfjord fraa gamle dagar til no. [Del] 2 5 : Dei einskilde bygder Selje, Sør- og Nord-Vågsøy) medan kona Ingebor Abrahamsdotter var frå Kråkenes, muligens frå nabobruket der brukaren heiter Abraham Isakson og kona Marte Kristiansdotter. I følge samme bygdebok døydde den eine sonen deira, Søren («bleiv») 23 år gamal i 1798 medan dottera Kari døydde i  1797.

Kråkenes ligger omtrent så langt ute i havgapet som det er mogeleg å komme på Vestlandet. Staden er i dag mest kjent for Kråkenes fyr og folk nikkar anerkjennande når dei ser bilete av fyret som blir «vaska ned» av store bølger frå Stadhavet.

Trass i at garden ligger «på den ytterste nøgne ø» fins det kjelder som nemner garden så tidleg som i 1520. I følge Jacob Aaland har namnet på staden enten opphav i det grå, kråkefarga neset eller så har det opphav i forma på neset, krokete. Derav muligens den tidlege skrivemåten Krogenæs.

Tilbake til Abraham. Sidan han ikkje var eldst av gutane måtte han ut på «arbeidsmarknaden». På den tida han levde var det begrensa med alternativ, og etter kvart endar han opp i Bergen. Faktisk har han ikkje berre gjort bergensar av seg, han har også gifta seg!

Folketeljinga i 1801, Abraham Ingebrigtsen og kona Ane Carolina Weys (Kjelde: Digitalarkivet)

Det at ein 30-åring er gift er ikkje overraskande, det er ho han har gifta seg med som er spennande her. Funksjonæren som foretok teljinga i dette huset hadde nok ein litt dårleg dag på jobben for kona sitt eigentlege namn var Anne Caroline Wilhelmine Carlsdotter Weis. Slett ikkje noko vanleg norsk etternamn ho hadde, her skal vi nok til ein familie med opphav utanfor Noreg!

Det er faktisk mogeleg å finne ut kvar desse to budde. Teljinga i biletet over er frå Rode 18 og dei budde i hus nr 26. Dette er i dagens «Marken» i Bergen og huset låg like ved hjørnet mellom Marken og Haukelandsmuget.

Rode 18 hus 26

Som vi ser av kartet budde dei ikkje langt unna St. Jørgens Hospital (Leprasjukehuset).

Neste artikkel vil omhandle Abraham Ingebrigtsen, Anna Caroline Wilhelmine Weis og etterkomarane deira – og sjølvsagt litt om opphavet til Anna Caroline.