…fram og tilbake igjen…(III)

Første innlegg i denne «serien» omhandla Abraham Ingebrigtsen som flytta til Bergen og gifta seg med ei kvinne som hadde aner i Tyskland. Andre innlegg omhandla Abraham, kona Anna Caroline Wilhelmine og far til Anna som heitte Carl Wilhelm Weis og kom frå Bremen-området i Tyskland. Dette siste innlegget handlar om han som slutta ringen og flytta tilbake til Vågsøy, nemlig Christian Isach Abrahamsen.

Christian blei som vi såg i forrige innlegg fødd i 1817. Med tanke på at han arbeidde som lærar i Vågsøy må vi ha lov til å anta at han fekk utdanning i Bergen. Familien budde ikkje så langt frå Bergen Katedralskule, enn om han gjekk der? Det er det sikkert mogeleg å finne ut av, men så langt har eg ikkje grave enno.

I 1846 er han i alle fall på heimtraktene med og han giftar seg med Alis Abrahamsdotter. Ho kjem frå garden Hovset ikkje langt frå Halsør på nordaustsida av Vågsøy. Faren til Alis er lærar og har vore brukar på denne garen sidan 1820 (Jacob Aaland: Nordfjord fraa gamle dagar til no, del 2 5: Dei einskilde bygder i Selje, Sør- og Nord-Vågsøy).

Ved giftarmålet til Alis og Christian står det «Ungkarl og Skoleholder» ved namnet til Christian. Han arbeider altså som lærar, anar vi ein samanheng mellom faren til Alis sitt yrke og årsaken til at Christian flytta til Vågsøy? Var det difor Alis og Christian traff kvarandre – fordi Abraham hadde fått tilsett ein ny skulehaldar? Spennande, og det må vere lov til å fabulere litt.

Christian og Alis giftar seg (Kjelde: Digitalarkivet)

Bryllaupet står 28. juni 1846 og så kjem borna som perler på ei snor. Hans er eldstemann og fødd i 1848, Christian (min ane) kjem i 1851. Resten av barneflokken kjem med med to til tre års mellomrom og til slutt er dei sju søsken der Aletta er den yngste.

To år etter at Aletta kjem til verda døyr Alis, berre så vidt 40 år gamal. Dessverre står ikkje dødsårsaken i kyrkjeboka så vi får (i alle fall foreløpig) ikkje vite kva ho døydde av. Ho vart gravlagd 24. oktober 1865.

Alis døyr 40 år gamal (Kjelde: Digitalarkivet)

To månader etter gravferda til Alis er det folketeljing. I 1865-teljinga er det i tillegg til informasjon om dei som oppheldt seg i Noreg 31.12.1865 også tatt med kva dei hadde av husdyr og kva dei dyrka på garden. Hovseter skal visstnok ikkje ha vore ein særleg rik gard. I bygdeboka står det eit avsnitt om at jorda på 1600-talet var av «ringe kvalitet» og at brukaren hadde «ringe formue». På bruket til Christian dyrkar dei havre og poteter og av husdyr finner vi ein hest, 10 kyr, 20 sauer, 6 geiter og ein gris. Det er ikkje verre stelt enn at Christian har to tenestejenter og i tillegg forsørgjer svigerfaren Abraham.

Hovset i 1865 (Kjelde: Digitalarkivet)

 

 

 

 

Det er også endringar i barneflokken. Hans manglar, om han har flytta eller om han er død veit eg ikkje enno. Anders Martines/Martinus døyr også tidleg, han blir berre nokre månader gamal.

Knappe tre år etter at Alis døyr giftar Christian seg med Anne Jørgensdotter frå Humborstad i Nordfjord. Dei får ikkje barn saman, men i 1875-teljinga har det likevel dukka opp eit nytt namn på garden. Barnebarnet Kristiane Kristiansdotter kom til verda i 1872 og er dotter til Abraham sin son Kristian. Men Kristian er ikkje gift… Kristian Kristiansen (Skram) skal få sin eigen artikkel ein annan gong.

Christian Abrahamsen døyr i 1890, og ved gravferda 10.04.1890 skriver presten at dei har gravlagt Forhenværende Gift Skolelærer Kristian Abrahamsen Hovesæt.

Christian og Alis sin familie (Kjelde: Thore Senneset)