…fram og tilbake igjen…(II)

I forrige innlegg blei vi kjende med Abraham Ingebrigtsen frå Kråkenes og kona hans Anna Caroline Wilhelmine Weis. Etternamnet hennar blir stava på mange forskjellige måtar i dei ulike kjeldene, mellom anna finner vi Weys, Wese og Weiß. I denne artikkelen skriver eg litt meir om dette ekteparet og om opphavet til Anna Caroline.

Carl Wilhelm Weis kom til Bergen på 1750-talet og fekk borgarskap der 1. mars 1753. Han er omtalt i attestboka for Bergen. 22. juli 1779 er det skrive inn at han før sin død hadde arv etter mora si i Altona vente samt noko arv  i Zeeven ved Hamburg. Enka Karen bør reise dit for å kreve arven etter sin avdøde mann. Ho sat for øvrig igjen med tre barn då Carl Wilhelm døydde.

Frå Carl Wilhelm kom til bergen kring 1753 og til han døyr om lag 20 år seinare opptrer han rett som det er som fadder for barn som er fødde i bydelen rundt Nykirken i Bergen. Han eigde eit hus der og dette blei i 1766 taksert til 320 Rdl. Han eigde også eit hus i Bergen (iflg eit foruminnlegg eg fann) i 1771 og der skal han ha drive utleige.

14. desember skriver soknepresten i Nykirken følgjande inn i kyrkjeboka:

Onsdagen 14. Decbr har Salige Borger Karel Wilhelm Weses hustru Karen Wese en datter til daaben kaldet Anne Karoline Vilhelmine…

Vi flyttar tilbake til Anna Caroline og Abraham. I «Undersøkelseskommisjonens rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805» kan vi lese at han «skal være av Soelægd«. Soldatlegdene var gardar (først fire og fire fullgardar, seinare tre og tre) som skulle utruste og underholde ein soldat enten til infanteriet eller til flåten. Etter 1650 blei legdene som stilte gastar til flåten omtalt som sjølegder.

11 år seinare bur Anne Caroline og Abraham fortsatt i Bergen. Det ser ikkje ut til at dei lever eit liv i luksus, folketeljinga i 1815 vitnar om heller beskjedne kår. Barneflokken har vokst til fem, den eldste dottera er oppkalla etter farmora Ingeborg og eldstesonen har fått namn etter morfaren Carl Wilhelm. Mitt bein inn i denne familien blir fødd først to år seinare. Han får namnet Christian Isach Abrahamsen og blir fødd 30. juni 1817.

Anna Caroline døyr i 1823, Abraham lever fortsatt men eg har enno ikkje funne ut når han døydde. I neste innlegg skal vi sjå på korleis «vår» grein av denne familien fann vegen tilbake til Vågsøy.