…frå Kleppenes til Blålid…

Når ein driver slektsgransking startar ein gjerne med det ein veit og så jobbar ein seg bakover i tid. Denne historia handlar om korleis eg jobba for å finne ut kvar farsslekta til mormora mi kom frå og jakta på kvar denne familiegreina stamma frå starta i Blålida ved Måløy.

Faren til mormora mi tok etternamnet Blålid og dette namnet kjem frå garden Blålid i dagens Vågsøy kommune. Dette er ikkje noko gamalt slektsnamn slik til dømes Grieg og Rieber, det er eit gardsnamn som blei slektsnamn i samband med namnelova som kom i 1923-talet. Namnelova slo fast at alle skulle ha eit slektsnamn og dette skulle gå i arv til neste generasjon.

Før namnelova kom hadde det vore ei utvikling frå bruk av patronym (altså farsnamn a la Olsen, Olsdotter), eventuelt kombinert med gardsnamn, i retning av arvelege slektsnamn. Folketeljingane i 1900 og 1910 viser at befolkninga låg i forkant av lovgjevinga og allereie hadde begynt å bruke arvelege slektsnamn. Fram til slutten av 1800-talet brukte ein altså patronym kobla med gardsnamn. Problemet ein då ofte møter er at når folk flyttar frå ein gard til ein annan gard – ja så endrar dei på namnet sitt. Per Pedersen Bø kan fort bli til Per Pedersen Lund.

Oldemora mi heitte Anna Ida Kristina og gifta seg med sin Nils Andreas i 1915. Nils kom frå garden Blålid ikkje langt frå Måløy medan Anna var «byjente» (i den grad Måløy/Skramsbygden kunne kallast by…). Faren til Nils heitte Ole Andreas og var fødd i 1861. Det viste seg ganske raskt at den godaste Ole Andreas ikkje var fødd og døypt i Selje prestegjeld som dagens Vågsøy sorterte under fram til 1900. Det var ikkje spor av han i nokon av kyrkjebøkene for prestegjeldet. I slike tilfeller er folketeljingane gull verdt. Der står (oftast) fødestaden til innbyggjarane oppgjeve.

Blålid i folketeljinga i 1910 (Kjelde: Digitalarkivet)

I folketeljinga for 1910 brukar familien Blålid som slektsnavn og fødestad for samtlege er oppgjeve å vere Sør-Vågsøy (som var eiga kommune fram til 1964). Lite hjelp å finne der, altså. Neste steg tilbake i tid blir folketeljinga for 1900. Eit kjapt søk etter garden Blaalid gjev eit straks meir oppløftande resultat. Den godaste Ole Andreas var frå Gloppen!

Blålid i folketeljinga i 1900 (Kjelde: Digitalarkivet)

OK. Vi skal til Gloppen, men først ein rask titt på folketeljinga i 1891. Den er ikkje like lett å leite i hverken i originalen eller i den digitaliserte utgåva men der er både eitt og to hint som er av nytte.

Ole Nilsen. Framleis gloppar men denne gongen med selskap!
Nok ein gloppar: Ingeborg Absalonsdotter frå Bredheims sogn

To glopparar på same gard, det kan då umogeleg vere tilfeldig. Då er det berre å gje seg i kast med kyrkjeboka for Gloppen i året 1861. No var det rett nok ikkje alltid folk visste kva år dei var fødde men denne karen hadde oppgitt same årstal to gongar. Han var i alle fall sikker i si sak sjølv…

Gloppen prestegjeld var på 1800-talet delt i tre sokn; Breim, Vereide og Gimmestad sokn. Heldigvis for meg hadde presten berre ført èi kyrkjebok. I tillegg visste eg kva mora til Ole truleg heitte og det er alltid grei info og med patronymet han brukte ved folketeljingane i 1891 og 1900 viste at eg skulle leite etter eit barn ved namn Ole (og truleg minst eitt namn til) med foreldre som heitte Nils og Ingeborg. Nokre seine kveldstimar seinare fann eg han. Ole blei fødd 12. mars 1861 med foreldra Niels Olsen og Ingeborg Absalonsdatter. Då Ole blei fødd budde dei på garden Skjerdalen ytterst på vestsida av Hyefjorden.

Kirkebøker: SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 9, 1855-1870, s. 33

Neste steg blei å finne ut når foreldra gifta seg. Det kunne gje viktige spor i jakta på opphavet deira. Då var det berre å bla seg bakover i tid frå 1861 for å finne eit ekteskap inngått mellom ein Nils og ei Ingeborg. Det viste seg fort å vere eit blindspor, i alle fall foreløpig. Igjen er det folketeljingane som gjer nytta. Det var folketeljingar både i 1875 og i 1865. Sidan eg visste at Ole blei fødd i 1861 starta eg med folketeljinga for 1865. Der fann eg etter kvart fram til garden Skjerdalen.

Folketeljinga i 1865, Skjerdalen i Gloppen

Her har vi altså ekteparet Nils og Ingeborg med to barn, Ole og Ane Katrine. Altså var dei nok gifte ikkje lenge før 1861. Så bar det tilbake til kyrkjeboka og etter litt «side opp og side ned» kan eg dra følgjande konklusjon:

Ole Andreas blir fødd 9. mars 1861. 12. mars, altså tre dagar etter fødselen, giftar foreldra seg og deretter blir Ole Andreas døypt 17. mars. Meget uvanleg, og ikkje er han merka som «uægte», altså fødd utanfor ekteskap heller.

Med giftarmålet til Nils og Ingeborg på plass har eg også fått vite kvar desse to kom frå. Nils var frå Kleppenes lenger inne i Hyefjorden og Ingeborg kom frå Skinlo på Breim. Folketeljinga for 1865 inneheld kjelde til enda litt interessant informasjon om desse to. Dottera Ane vart nemleg ikkje fødd i Skjerdalen slik som broren. Ho blei derimot fødd på Skinlo, altså truleg på heimgarden til mora. Anar vi konturane av ein familie på evig vandring frå gard til gard innan slekta? Det var jo litt pussig dette med rekkefølgen på sonen Ole sin fødsel, foreldra sin vielse og deretter dåpen til Ole. Rauk dei uklar med nokon? Var det dårlege tider?

Svaret på kvifor desse to ikkje slo seg ned i nærleiken av farsgarden til Nils finner vi (mest truleg) i det faktum at han var yngst av seks søsken, blant anna med tre eldre brødre. Å overta farsgarden var nok aldri eit alternativ for Nils. Også Ingeborg hadde eldre søsken og som jente i ein familie med seks born, derav to gutar hadde heller ikkje ho utsikt til å ta over farsgarden.

Dette får vere første del av historia om dei to som flytta frå Gloppen til Vågsøy på 1860-talet. Resten kjem i neste bolk – truleg om nokre dagar.