…frå Kleppenes til Blålid…(del II)

I fjor på desse tider skreiv eg om Ole Andreas Nilsson og familien hans som har røter i Gloppen i Nordfjord. I denne artikkelen følger foreldra hans frå første halvdel av 1800-talet og fram til dei har etablert seg i Blålida ved Måløy.

Første gong vi «møter » Niels er ved dåpen i 1825. Der er namn på foreldra hans oppgjeve saman med fadderar frå både Kleppenes og frå andre stader i prestegjeldet. Det er ikkje alltid like lett å finne ut kvar folk kjem frå sidan stadnamn har endra seg vesentleg dei siste par hundreåra. I tillegg er vi prisgitt kva presten trur staden heiter. I Niels sitt tilfelle skal vi til blant anna Hielmesætter (Hjelmeset), Giengedal (Gjengedal), Honvigen (muligens Hundvika i dagens Eid kommune) Rangklev (Rongkleiv i Gjengedalen) og Kleppeneset.

Neste tilfelle ein kan finne informasjon om Niels er ved konfirmasjonen hans i 1839.  Nok ein gong er vi prisgitt handskrifta til presten, men vi kan i alle fall lese at han klarer seg «Temmelig godt» og så står det noko som eg ikkje klarer å tyde. Vi kan også lese at han blei vaksinert mot koppar 5. januar 1827 (altså i to-årsalderen).

Konfirmasjon og vaksine (Kjelde: Digitalarkivet)

Neste gong vi møter Niels 12. mars 1861 når han giftar seg med Ingeborg Absalonsdotter frå Skinlo på Breim. Ho var nest eldst av 5 søsken og som jente i ein søskenflokk med gutar hadde heller ikkje ho utsikter til å overta slektsgarden.

I kyrkjeboka kan vi lese at Niels var 36 år gamal og Ingeborg 25 då dei gifta seg. I tillegg er namn på fedrene samt forlovarane oppgjeve saman med tillysningsdagane (dette var tre påfølgande søndagar i forkant av vielsen der det foreståande ekteskapet blei kunngjort frå preikestolen).

Nils og Ingeborg giftar seg (Kjelde: Digitalarkivet)
Nils og Ingeborg giftar seg (Kjelde: Digitalarkivet)

Med unntak av desse tre tidspunktene er det vanskeleg å finne noko om livet til Niels og Ingeborg fram til dei giftar seg. Deretter begynner informasjonstilfanget å ta seg til. For det første får dei barn, og ved dåpen til borna får vi vite kvar dei bur. I tillegg var det folketeljingar både i 1865 og 1875. Vidare kan vi finne ut om og eventuelt når dei overtok gardsbruk ved hjelp av mellom anna grunnboka og pantebøkene. Meir om dette etter kvart.

Som nevnt var Niels yngst i søskenflokken sin og det er kanskje difor vi finner han og Ingeborg på ein annan gard enn Kleppenes når den eldste sonen deira, Ole Andreas, blir fødd i 1861. Då oppheld dei seg på garden Skjerdalen ytterst i Hyefjorden. Der budde ei av søstrene til Niels, Bornie Jacobia Nilsia. Ho var gift med Nils Kristoffersen som var brukar på garden i 1860-åra. Nils er ein av fadderane til Ole Andreas då han blir døypt saman med nokre andre tanter og onklar.

Det er for øvrig noko litt pussig over rekkefølgen her. Ole Andreas blir fødd 9. mars 1861, foreldra giftar seg 12. mars og så blir Ole Andreas døypt 17. mars. Likevel er ikkje Ole Andreas sin dåp merka med «uægte». Jaja, i det lange løp betyr det neppe særleg mykje. Det blei nok folk av han uansett.

I april 1865 blir Ole Andreas storebror til Ane Karine. Ho blir døypt i Breim kyrkje 17. april og då oppgjev foreldra at dei bur på Skinlo. Kva som har ført dei til Skinlo og farsgarden til Ingeborg er ikkje godt å vite. Var dei der tilfeldig eller budde og arbeidde dei der fast denne tida? Uansett, dei blir ikkje verande på Skinlo lenge.

Ane Karine fødd og døypt på Breim (Kjelde: Digitalarkivet)
Ane Karine fødd og døypt på Breim (Kjelde: Digitalarkivet)

Neste korsveg i familien Nils/Ingeborg/Ole er ved folketeljinga i 1865. Framleis er det Skjerdalen som er opphaldsstaden deira men ting har begynt å skje.

Bebuarar i Skjerdalen 1865 (Kjelde: Folketeljinga 1865, Digitalarkivet)
Bebuarar i Skjerdalen 1865 (Kjelde: Folketeljinga 1865, Digitalarkivet)

Som nevnt er grunnboka og pantebøkene verdifulle kjelder til informasjon om kvar folk budde.

I panteregisteret til Norfjord Sorenskriveri kan ein lese at Nils kjøpte bruk nr 2 i Blålida i 1866 og ikkje lenge etter flytta han og familien dit for å drive gardsbruket. Dette kan vi lese om i innflyttarregisteret i kyrkjeboka.

Nils og Ingeborg flyttar til Blålida i 1866 (Kjelde: Digitalarkivet)
Nils og Ingeborg flyttar til Blålida i 1866 (Kjelde: Digitalarkivet)

Der framgår det også at dei har lagt fram attestar på at dei er rette ektefolk. I Blålida kjem det femte familiemedlemmet til verda i romjula 1872 og 2. februar 1873 døyper dei Jacob Mathias.

Jacob Mathias blir døypt i 1872 (Kjelde: Digitalarkivet)
Jacob Mathias blir døypt i 1872 (Kjelde: Digitalarkivet)

Ved folketeljinga i 1875 bur familien framleis i Blålida og dei har ikkje blitt fleire etter at Jacob Mathias kom til verda. Det ser ut til å gå bra med dei, dei har i alle fall økonomi til å tilsetje ei tenestejente, og at ho kjem frå Gloppen er ikkje særleg overraskande.

Folketeljinga i 1875 (Kjelde: Digitalarkivet)
Folketeljinga i 1875 (Kjelde: Digitalarkivet)

Dessverre døyr Nils av slag allereie i 1886 medan Ingeborg lever til 1916. Ho skøyter etter kvart garden over på eldstesonen, i folketeljinga for 1891 er det Ole Andreas som er oppført som «Hovedperson gaardbruger og fisker-Bruger af Jord». Overdragelse av skøytet er imidlertid ikkje tinglyst før i 1894. I panteboka framgår det at ho som del av kjøpesummen også skal ha kår på garden. Der finner vi henne også framleis buande ved folketeljinga i 1900. I 1910 har ho imidlertid flytta over Ulvesundet og bur hos barnebarnet Ane Karine som har gifta seg med Kristen Jonsen Sunde frå Stryn. Truleg er det der Ingeborg bur når ho døyr i 1916.