…på jakt etter rett Inger (eller: kunsten å bevise eit slektskap)…

Eg finner med jamne mellomrom slektningar (eller kanskje rettare sagt aner) som eg ikkje heilt forstår kvar dei kom frå. Nokre av desse har eg skrive om i artikkelen om ekteparet Joen og Anne som kom flyttande frå Eid i 1804. Andre gongar finner eg personar frå Bremanger som har gifta seg med «fjordingar» og så buset dei seg i Bremanger. Ein kan ofte finne dåpsinførslar i kyrkjebøkene som passar bra med det ein leitar etter, men kan ein eigentleg vere 100% sikker på at ein har funne rett person når ein kun har kyrkjeboka til hjelp?

Lauritz Stub … sorenskriver og Skifteforvalter udi Nordfiord giør vitterligt: at Anno 1753 den 5te maj…

Slik startar teksten i mangt eit skifte på i Nordfjord på midten av 1700-talet. Akkurat dette skiftet er av interesse for meg men det kjem vi tilbake til om litt.

Første gong Inger sitt namn dukkar opp i kjelder for Bremanger er i mai 1731 då ho trulovar seg med Anders Christianson frå Igland. Minst ein av desse to må ha vore noko «bereist», det var vel neppe slik at ein reiste til Sandane på konsert slik ein godt kan finne på i våre dagar. Presten i Kinn på denne tida hadde ei usedvanleg lettlest handskrift. Åstein Svihus nemner Inger i Bremanger Bygdebok Band I frå 2006 men seier ingenting om opphavet hennar.

Inger og Christian trulovar seg (Kjelde: Digitalarkivet)

Teksten seier noko slikt:

Trolovet er: K. (Karl) Anders Christiansøn et P. (Pigen) Inger HansDt. Caution: Johannes et Peder Torvanger

Første steg i jakta etter Inger sitt opphav er å finne ut om ho var døypt og/eller konfirmert i Bremanger sokn. Då er det igjen å setje seg til med mediearkivet til Digitalarkivet framfor seg og bla seg side for side bakover i håp om å finne noko. Nok ein gong resultatlaus søken og då er det berre å ta fatt på nabosoknene. Davik er jo alltids eit alternativ så eg starta der, men atter ein gong resultatlaust. Deretter stod Selje (Vågsøy) for tur, dernest Eid før eg gav meg i kast med Gloppen.

Vakker og forseggjort handskrift (Kjelde: Digitalarkivet)

Soknepresten i Gloppen i denne perioden var Peder Otteson Schreuder og han hadde ei usedvanleg flott handskrift. Svært lett å lese i motsetnad til for eksempel skrifta til han som var sokneprest i Kinn eit lite hundreår seinare.

Ei som trulova seg og gifta seg i 1731 vil kunne vere alt frå tidleg i tjueåra til godt oppe i 30-åra, mest truleg det første. Eg rekna meg difor fram til at Inger burde vere fødd mellom 1705 og 1715, mest truleg i første halvdel av perioden, og starta difor leitinga i 1705 og bladde meg framover i tid. Nokre sider seinare hadde eg ein god kandidat.

Inger blir døypt i 1707 (Kjelde: Digitalarkivet)

Utsnittet ovanfor er frå januar 1707 og her kan vi lese følgjande:

Hans Pedersen Hestenes B: n: Inger, fadd: Peder Ottesen Hestenes, Jon Abelsøn Gloppestad, Agatha Christensdatter ibm, Elen Arnesdatter Hestenes, Ingebor Rasmusdatter Hestenes

I mangel av noko betre valgte eg å anta at dette var den Inger eg leita etter, men korleis bevise det? Ein kjapp titt i den første bygdeboka for Bremanger, den som Albert Joleik skreiv (med ein nynorsk-variant som sjølv eg sliter med å lese) gir samme resultat som i 2006-boka. Ho er nevnt, rett nok som Ingjerd, men utan opphav. I «Nordfjord fraa gamle dagar til no. [Del] 2 2 Bolk 2 : Dei einskilde bygder Gloppen-Breimn» (Jacob Aaland, 1939) peikar også i retning av at det er korrekt Inger. I kapittelet om garden Hestenes kan ein på side 156 lese om Hans som var brukar på garden frå kring 1705. To av borna hans er nemnde, nemlig Christopher buande på Indre Fure og «Inger g. til Igland».

Då blir neste steg skiftematerialet som Arkivverket har digitalisert, og i Sunnfjord og Norfjord er vi spesielt heldige. Eldsjeler har digitalisert registera til skiftematerialet og publisert det i søkbar form. Dermed: På leiting etter Hans Pedersøn frå Gloppen.

Søk i skifteregister, treff på første forsøk? (Kjelde: Digitalarkivet)

For garden Hestenes fins det 29 registrerte skifte og allereie nest øverst på trefflista står det eit namn som kan gi håp om suksess. Skifte etter Hans Pedersen Hestenes i Gloppen står på folieside 432b i protokoll nr 11. Greit! Då drar vi dit, som han seier han som har reiserebus på NRK i påska…

Skiftet etter Hans i 1753 (Kjelde: Digitalarkivet)

Om presten hadde vakker handskrift så har ikkje sorenskrivar Lauritz Stub gjort seg like mykje flid. Eg jobba meg etter beste evne igjennom teksten og hadde eigentleg svaret relativt tidleg. Etter å ha slite meg igjennom første delen av skiftet sat eg med følgjande tekst:

Lauritz Stub … sorenskriver og Skifteforvalter udi Nordfiord, giør vitterlig at Anno 1753 den 5te Maj … … lovlig afveskifte efter afgangen sahl: enkemand sahl Hans Pedersen som var … … den gaard Hestenes i Gloppens Skibsrede, og … laugsmend Berend Jensen Balchen Joen Olsen Løche … … … … … Sahl: mands igienlevende 6 børn navnligen Sahl Rasmus Hansen Torvangers etterlatte 2 børn, navnlig 1 søn og 1 datter, Christopher Hansen … Joseph Hanssen … Inger Hansdatter gift med Anders Christensen Igland i Bremanger, Sahl Marthe Hansdatter …gaard i Stad Skibbredes igienlevende…

Alle plassar der eg har skrive «…» representerer ord eg måtte gi meg på, men i denne samanhengen betyr det ikkje så veldig mykje. Eit stykke nede i teksten sto det som eg håpa å finne: Inger Hansdatter gift med Anders Christensen Igland i Bremanger. Dermed hadde eg fått bekrefta det eg trudde, nemlig at Inger frå Hestenes i Gloppen var den som i 1731 gifta seg med Anders frå Igland i Bremanger.

Det stod ein del andre ting i skiftet så eg bad dei gode hjelparane på Arkivverket sitt diskusjonsforum om hjelp og allereie nokre få timar seinare kom den fullstendige teksten i retur. Den fullstendige teksten ser slik ut:

Lauritz Stub vise Sorenskriver og Skifteforvalter udj Nordfiord, giør vitterlig at Anno 1753 den 5te Maj blev holden Lovlig Arveskifte og Deling efter afgangen Sahl: Enkemand Sahl: Hans Pedersen som var tilholdende paa den Gaard Hestenes i Gloppens Skibbrede, og det udj Lensmanden Berent Jensen Balchen og de tvende uvillige Dannemend navnlige Anders Jacobsen og Joen Olsen Loethe[?] deres oververelse. Nerverende den Sahl: mands igienlevende 6 Børn navnligen Sahl. Rasmus Hansen Torvangers efterlatte 2de Børn, nemlig 1 Søn og 1 Datter, Christopher Hansen Fure, Joseph Hanssen Hestenes, Inger Hansdatter, gift med Anders Christiansen Igland i Bremanger, Sahl Marthe Hansdatter Nygaard i Stad Skibbrede hendes igienlevende tvende Børn som er een Søn og een Datter og Brite Hansdatter gift med Aasmund[?] Jensen Aarskoug, og blev da derom Sluttet og Forrettet saaledes som følger.

Det viser seg altså at Hans hadde fem barn som framleis levde då han døydde. Truleg har nok han og kona fått fleire. Av desse fem er det ein som er spesielt interessant. Rasmus (truleg eldst), no avdøydd og med to etterlatte barn, hadde budd på Torvanger i Bremanger. Kan det vere han som har skaffa søstera Inger ein ektemann i Bremanger? Kan ho ha vore tenestejente på garden til broren? Det får vi nok aldri vite og må nøye oss med å slå fast at bandene mellom Gloppen og Bremanger nok har vore sterke. Eg har nok ein artikkel om dette i kladdeboka, den kjem i løpet av julemånaden.

Meir om Inger: Klikk her!