…ein kan finne så ymse…

Ein som graver i gamle kyrkjebøker for å finne anene sine kjem ein bort i så mangt. Det ein trudde var søsken viser seg å vere halvsøsken og det ein trudde var foreldre viser seg å vere fosterforeldre/pleieforeldre. Noko toler dagslys, anna har vore «hysja ned». Så også i vår slekt. Vi har også vår andel av dei såkalla «uægte» borna, altså born fødde utanfor ekteskap.

Ei og anna spennande historie dukkar det også opp, slik som med ein av tipp-tipp-oldefedrene mine, Johan Christian Christensen frå Bunesfjord i Lofoten. Då han vart gravlagt i 1862, berre 32 år gamal, står følgjande kommentar i Klokkarboka for Moskenes sokn i Flakstad prestegjeld: «blev myrdet». Nokonlunde samme kommentar står i Ministerialboka for samme sokn: «myrdet».

I september 2016 spurde eg Statsarkivet i Trondheim via diskusjonsforumet til Arkivverket om det kunne la seg gjere å finne ut kva som skjedde med Johan Christian. Dei svarte at dette nok kunne vere mogeleg men at dei ikkje hadde kapasitet til å leite igjennom eventuelt tilgjengeleg materiale. Eg slo meg til tåls med det, eg kan jo ta turen innom ein gong eg likevel er i Trondheim. To månader seinare ringte telefonen, ei hyggjeleg dame frå Troms kunne fortelje at ho visste litt om kva som hadde skjedd med Johan Christian. Han blei etter det enka hans hadde fortalt (oldemor eller tippoldemor til ho som ringte) drept i eit sjalusidrama!

Av og til kan ein finne spennande lesestoff om dei som skulle styre i samfunnet, slike som presten i Kinn prestegjeld på midten av 1700-talet. Etter å ha irritert meg grøn over manglar i kyrkjeboka for Kinn i tidsrommet 1740 og litt utover 1750-talet forsøkte eg å finne ut kvifor det til tider var så skralt med informasjon. Då kom eg over følgjande saftige historie:

Kona til Peter Jacob Broch, sokneprest i Kinn prestegjeld, døydde ein gong på slutten av 1730-talet og Broch fekk etter kvart eit barn med søstera til den avdøde kona si. Han prøvde å skjule dette ved å få barnet døypt i eit anna sogn og deretter absolvere barnemora (offentleg skiftemål og syndsforlating).

Synda blei etter kvart oppdaga og presten blei anmeldt, suspendert og satt i arrest i Bergen. Både han og barnemora blei dømde til døden, ein dom kongen i København seinare omgjorde og Broch blei i staden dømd til livsvarig fengsel på Munkholmen i Trondheim. Han blei satt etter kvart satt fri og døydde 25.12.1853 i Kristiansand. Kva som skjedde med barnemora seier historia ingenting om (Johan Fredrik Lampe: Bergen Stifts Biskoper og Prester).