…dei gode hjelparane…

Kirkebøker: SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 4, 1806-1815, s. 87

Slektsgransking kan til tider vere ganske ein ganske så einsam øvelse. Timevis med gransking av skrift i gamle kjelder, så som kyrkjebøker, skifteregister og skiftemateriale. Mykje av det sirleg nedteikna med gotisk handskrift. Av og til greier ein å tyde ganske mykje sjølv, andre gongar nøyer ein seg med å finne namn og gjerne fødselsdatoar i kyrkjebøker eller namn på attlevande ektefeller og namn og alder på barn i eit skifte før ein gjev opp.

Her om dagen kom eg over ein innførsel i kyrkjeboka for åra kring 1814 for Eid i Sogn og fjordane som eg syntes såg interessant ut. Teksten omhandla  dåpen til eit barn født utanfor ekteskap og eg syntes der stod noko om faren og kvar han befann seg. Etter nitid gransking kom eg meg så langt som at eg forstod kva mora heitte og at ein mann med tilknytning (stedfader) til henne hadde «angitt» barnefaren. Eg gav meg etter å ha knasta ned følgjande:

«den 14de November døbt et uægte barn Elisabet Elline moder er(?) ugift quinde(?) Marte Eliasdr og faderen blev lige som ført(?) i 3de Vidners nærvær af Stedfaderen Johannes Oreim angivet … at være Jacob Ols fra Wolden.»

Der var det bråstopp for min del og eg la difor ut ei bøn om hjelp på eitt av diskusjonsforumene til Digitalarkivet . Det tok ikkje mange timane før det «tikka inn» eit svar. Den fullstendige teksten viste seg å vere slik:

«Nr. 24: den 2de Novbr døbt et uægte Barn Elisabet Elline. Moder er ugift Qvindemske.  Marte Eliasdr. Grothoug og Faderen blev lige som før i 3de Vidners Nærværelse af Stedfaderen Johannes Oreim angivet at være Jacob Ols. fra Wolden, nu fraværende og paa Kanon Baader; Test: Baptismi, Johannes Poulsen Oreim, Peder Niels. Oreimshoug, Grete Rasmusdr. Oreim, Kari Tollefsdr. Oreim, og Synneve Erichsdr. Oreim»

Her hadde vi altså noko juicy. Var det ein sunnmøring eller var det ein kar frå nabogarden Vollane som hadde satt barn på ei av mine formødre og deretter rømt til sjøs for å gjere teneste på ein kanonbåt? (han hadde sikkert blitt utskriven men det låter betre med rømt…).

Det neste spørsmålet som meldte seg var sjølvsagt «kven var desse to, Marte og Jacob, som hadde fått eit barn saman»? Etter meir graving i avfotograferte kyrkjebøker kombinert med søk i avskrifter hadde eg ein kandidat til mora men faren lot seg ikkje oppdrive. Atter ein gong henvendte eg meg til dei gode hjelparane på Digitalarkivet sitt diskusjonsforum for å få hjelp. Heller ikkje denne gongen lot første svar vente på seg og i løpet av dagen i dag har det jamt og trutt tikka inn informasjon om både barnemora og anene hennar.

Til slutt hadde eg mykje godt dekka livshistoria hennar (i form av dokumenterbare hendingar som fødsel, dåp, konfirmasjon, utflytting frå Eid til først Oldeide og deretter Vågsøy, giftarmål og fleire barn og til slutt dødsfall og gravferd).

Eg kunne nok ha funne mykje av dette sjølv, men utan den uvurderlege hjelpa til Grethe og Rune – ivrige bidragsytarar på forum.arkivverket.no -hadde det tatt meg mange dagar. Minst!