…borte som dogg for sola…

Ein av dei personane eg syns det har vore mest spennande å forske på er oldefaren min, Rasmus Marius Jeremias Pedersen Andal. Han blei fødd i fattige kår i 1880 og kom flyttande sørover frå Andalsvågen i Vevelstad ein gong mellom 1900 og 1905. Korkje innflyttarregisteret til soknepresten i Sør-Vågsøy eller utflyttarregisteret til presten nordpå gjev svar, det einaste som er sikkert er at han gifta seg med oldemora mi, Alida Dorthea Thoresdotter Bøe i Måløy 1905 og budde resten av livet der.

Alida er også ein spennande person. Fødd i 1786 i på Skram i dagens Måløy med foreldrene Thore Eriksen Bøe frå Stryn og Kari Kristensdotter frå Davik-området. Alida og Rasmus fekk etter kvart ein stor familie med sju barn saman, men det er ikkje desse sju som gjer Alida spennande (bortsett frå at ein av dei er morfaren min). Det er det åttande barnet i familien. Ei jente Alida fekk ca tretten år før ho traff Rasmus.

Litt om Alida og foreldra hennar først, tenker eg. Ho kom altså til verda i 1886 som, så langt eg veit, den yngste av fire søsken. Dei tre andre var gutar. I kyrkjeboka står det at foreldra var «inderstar», noko som oftast betyr at dei ikkje eiger jord sjølve. Thore og Kari gifta seg i Davik prestegjeld 27. juni 1868. Kyrkjeboka fortel at Thore kom frå Stryn men at han for tida oppheldt seg på Elde ved Davik. Kari var fødd og oppvaksen på Elde.

Eit par år etter at dei gifta seg finner vi dei busette på Haugsholmen i noverande Sande kommune på Sunnmøre. Haugsholmen var ein handelsstad i Vanylvsgapet og der låg ein fyrstasjon på ei av øyane like ved. Den eldste sonen deira blir fødd medan dei bur der.

I 1871 har dei busett seg i Måløy, dei tre siste borna deira blir fødde der. To gutar og så Alida. Tida går og Alida blir etter konfirmert i 1891. Samme år er det folketeljing og mykje tyder på at unge Alida allereie er i arbeid. Både i kyrkjeboka og i folketeljinga står det at ho bur på Saltkjel. I følge folketeljinga er yrket hennar «Tjenestetyende tjener barnepige og husgjerning». Foreldra hennar bur framleis på Skram. om Thore står det i folketeljinga «Selv Hovedperson Træarbeide og fisketelvirkning-Husbygger-Strandsidder». Uttrykket «Strandsidder» betyr ganske enkelt at han ikkje eiger jord og at han leiger bustad.

Fem år seinare finner vi att Alida i utflyttarregisteret til soknepresten i Selje. 18.10.1896 flyttar ho til Stord og med seg har ho truleg dottera Petra som blei fødd i januar samme år. Her har det nok vore tilløp til skandale i familien, for i utflyttarregisteret står det at ho framleis er ugift…

Alida flyttar til Stord (Kjelde: Digitalarkivet)

Alida giftar seg med barnefaren Peder Johannes Pedersen Kyvik allereie 31. oktober samme år. På Stord som i mange andre bygder rundt om i landet er det trangt om plassen og på eitt eller anna tidspunkt bestemmer det unge ekteparet seg for å emigrere til Amerika. Peder skal reise først, sikkert for å etablere seg, og så skal nok Alida og Petra komme etter. Peder reiser ut via Bergen 18. mars 1897. Det Alida enno ikkje veit er at ho har sett faren til barnet sitt for siste gong…

Er det noko amerikanerane kan så er det å dokumentere kven som reiser inn og ut av landet deira. Skal du ein tur til USA i dag startar dokumentasjonsjobben lenge før du har satt dine bein på amerikansk jord. Det sto ikkje særleg mykje dårlegare til i 1880-åra og vi kan finne Peder si innreise til USA via nettstaden FamilySearch, driven av mormonerkyrkja i USA.

Peder si innreise til USA i 1897

7. april 1897 går Peder i land og på innreisekortet kan vi sjå at han kom med båten Rhynland via Liverpool, at han er bonde og at han har tenkt seg til broren Solomon som bur i Northwood i Nord-Dakota. Der sluttar foreløpig spora etter Peder.

På Stord sit Alida igjen med vesle Petra og i folketeljinga for 1900 kan vi lese at ho og barnet bur på garden Eskeland og at ho er tenestejente som arbeider med «Husstel fjøsstel». I ein kommentar står det notert at ho på tidspunkt for folketeljinga hadde antatt oppholdsstad Bergen. Anar vi her at ho er på veg heim til foreldra sine i Måløy?

Etter det eg har fått høyre via familien min etterlyste Alida ektemannen på alle mogelege måtar utan å finne spor etter han. Eitt alternativ er at han dumpa henne og fann seg ei ny kone i Amerika, eitt er er at han døydde og eit tredje er at det skjedde eitt eller anna med han som gjorde han ute av stand til å svare henne.

Ein gong etter 01.01.1900 kjem det ein ung mann frå Vevelstad til Måløy. Rasmus Marius Jeremias Pederson, ein fiskar sist busett saman med foreldre og søsken i Andalsvågen ikkje langt frå Brønnøysund.

Han blei fødd 24. juni 1880 som den første av åtte søsken i ein familie som for meg ser ut til å ha vore lutfattig. I løpet av tida fram til 1900 budde familien i alle fall på fire forskjellige husmannsplassar i Vevelstad prestegjeld. Foreldra hans har også interessante forhistorier men dei får vi komme tilbake til ein annan gong. Her får vi nøye oss med å slå fast at mor Christine Berntine stamma frå Moskenes i Lofoten og at far Johan Christian Olsen ad omvegar via Flatanger og Trondheim hadde aner så langt unna som på Fåberg ved Lillehammer.

Det er ikkje godt å seie når Alida og Rasmus treffer kvarandre første gongen. I kyrkjeboka for Sør-Vågsøy kan vi imidlertid lese at Alida får skilsmisse frå Peder ved og bevilling til nytt ekteskap i skifteretten 20. juli 1905.

Alida får bevilling til nytt ekteskap i skifteretten

Denne attesten blir lagt fram i samband med at ho og Rasmus giftar seg 24. september 1905 og presten kommenterer i kyrkjeboka at han har mottatt denne attesten 30. september. Dei tar etter kvart slektsnamnet Andal og buset seg i Måløy. Barneflokken deira teller etter kvart åtte, deriblant morfaren min Thore Arnold.

Kva skjedde så med han som reiste til Amerika? Eg finner ingenting om kva han foretok seg i tida frå han gjekk i land og fram til 1930. Då dukkar han opp som pasient på eit mentalsjukehus i Spokane i delstaten Washington.

Peder på sjukehus i 1930

Han befinner seg samme plass i 1940 og døyr etter det eg har funne ut på dette sjukehuset i 1955. Peder ligger gravlagt på Holy Cross Cemetery i Spokane, Washington. Eg veit ikkje om han nokon gong hadde kontakt med familien sin etter at han kom til USA.

Gravplassen der Peder ligger gravlagt